Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Gode fysiske møteplasser skaper gode fritidstilbod

Alle barn og unge skal få vere med på kultur- og idrettsaktivtetar og no skal Regjeringa lage ein handlingsplan for deltaking.

Magni Hjertenes Flyum på talarstolen på innspelsmøte til regjeringaMagni Hjertenes Flyum på talarstolen på innspelsmøte til regjeringa

Barn og unge har ikkje like moglegheiter til å delta i kultur- og idrettsaktivitetar. Regjeringa har no starta arbeidet med ein handlingsplan som skal vere klar før sommaren 2024. Føremålet med planen er like moglegheiter til å delta i kultur- idretts- og friluftsaktivitetar for barn og unge i heile lande, uavhengig av økonomi, utdanning og nettverk i familien.

Den 6. november arrangerte dei det første innspelsmøte i dette arbeidet. Over 30 ulike organisasjonar var samla for å gje sine innspel. Noregs Ungdomslag deltok, ved generalsekretær Magni Hjertenes Flyum.

Fleire aktualitetar

Sjå alle