Hopp til hovedinnhold
Politikk

Gode fysiske møteplasser skaper gode fritidstilbod

Innlegg av generalsekretær Magni Hjertenes Flyumunder innspelsmøte til handlingsplanen for lik deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter 6. november 2023.

GODE FYSISKE MØTEPLASSAR SKAPER GODE FRITIDSTILBOD

Innlegg av generalsekretær Magni Hjertenes Flyum under innspelsmøte til handlingsplanen for lik deltaking i kultur-, idretts- og friluftslivsaktiviteter 6. november 2023.

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur over heile landet. Organisasjonen vart stifta i 1896 og er blant dei eldste frivillige organisasjonane i Noreg. I dag har vi om lag 13 500 medlemmer og 312 lokal- og fylkeslag, og aktivitetane spenner teater og folkedans som er dei største til halloweenfestar og gaming. Heilt frå starten har Noregs Ungdomslag vore opptatt av å samle folk til aktivitet der dei bur. Vi er difor svært glade for at kultur- og likestillingsministeren og Regjeringa inviterer til arbeidet med denne handlingsplanen.

De ber i dag om innspel til kva vi som organisasjon kan gjere, og treng for å inkludere endå fleire barn og ungdom i kultur-, idrett- og/eller friluftslivsaktiviteter. Eg vil i dag snakke på vegner av alle dei organisasjonseigde kulturbygga vi har i landet, og det arbeidet Noregs Ungdomslag gjer gjennom Huset i Bygda. Huset i Bygda er eit kunnskaps- og rettleiingsprosjekt som sidan 2007 har, førebels i fire fylke, hjelptkulturhuseigarar med små og store driftspørsmål. Gode planar for vedlikehald, universell utforming og reglar for brannvern er nokre av døma.

I Norge er det over 5000 organisasjonseigde kulturhus, berre i Vestland er det nesten tusen slike hus grendehus, ungdomshus, samfunnshus, bygdehus, bedehus, velhus osv. Svært mange av desse er navet i det lokale kulturlivet og er viktige inkluderingsarenaer. Her er det moglegheiter for et mangfald av aktivitetar. Ofte er desse husa også tilgjengelege lokaler for uorganisert aktivitet der deltakarane sjølv tek initiativ.

Så seint som i oktober 2023 arrangerte Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda nasjonal kulturhuskonferanse. Konferansen avdekte at det er eit stort kunnskapsbehov når det gjeld universell utforming og tiltak for å inkludere alle, både blant eigarar og myndigheiter. Tilrettelegging kjem ikkje av seg sjølv, og det handlar like mykje om bevisstheit i kvardagen, og jobben er ikkje gjort når ein har fått ein rullestolrampe på plass. Nokon må invitere, låse opp døra og ønskje velkomen òg.

Konferansen viste også at mange grupper sit på mykje og god kompetanse, men at det er behov for rettleiing og gode verktøy for å sikre at alle brukar- og samfunnsgrupper har lik tilgang. Det erogså tydeleg tilbakemelding frå huseigarane at manglande tilskotsordningar knytt til universell utforming er eit stort hinder. 

Målet er brei deltaking og lik tilgang på kunst- og kulturaktivitetar i heile landet. Då må dei organisasjonseigde kulturhusa får tilgang på tilskotsmidlar, kompetanse og rettleiing slik at dei kan opne husa endå meir og gjere dei tilgjengeleg for alle brukargrupper i samfunnet. 

For å når dette målet meiner vi det er to tiltak Regjeringa må ta med i den nye handlingsplanen:

  • I dag vert det ikkje gitt momskompensasjon for kostnader til nybygg, påbygg eller ombygging, som ofte er nødvendig for å få til universell utforming. Det er difor naudsynt å få på plass momskompensasjon på tiltak som gjeld universell utforming.
  • Styrking av Huset i Bygda slik at prosjektet kan utvidast som eit kunnskapssenter for organisasjonseigde kulturbygg i heile landet.

Fleire politiske dokument

Sjå alle
Politikk

Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

Politikk

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023. Regjeringa sin nye strategi finn de her: Rom for deltakelse - regjeringens kulturfrivillighetsstrategi (2023-2025) - regjeringen.no

Politikk

Innspel til ny Kulturmiljølov

Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.