Hopp til hovedinnhold

Søknadskurs - Kva gjekk du glipp av?

Før landsmøtet hadde Christoffer Knagenhjelm eit seminar om søknadsskriving. Her kjem nokre av tipsa han ga.

Christoffer Knagenhjelm med søketips.Christoffer Knagenhjelm med søketips.

12 tips til søknadsskrivinga:

  1. Fortel litt om kven de er og eventuelt kor mange medlemmar de har i laget.
  2. Hastverk er lastverk. Gode rutinar er eit must. Det gjeld både husarbeid og søknadsarbeid.
  3. Lag ei god årsmelding, som inkluderer alt dugnadsarbeid i laget.
  4. Legg ved årsmelding som vedlegg til søknaden, samt oversikt historia til laget og huset. Ikkje gløym gode bilete som syner kvifor det er naudsynt med tiltak på huset.
  5. Spør samarbeidsspartar (andre friviljuge organisasjonar, profesjonelle innan kulturfeltet eller frånæringslivet) om dei kan lage støtteskriv som de kan leggja ved søknaden.
Bilde frå søknadskurs.Bilde frå søknadskurs.
  1. Snakk med Huset i Bygda. Kanskje de kan skrive ut rapport om huset. Her kan de få mykje gratis til søknadsarbeidet!
  2. Undersøk tidleg kva ordningane krev for at de som søkjarar skal verte vurdert og ta kontakt med tilskotsgjevar. Presenter dykk og problemstillinga på telefon!
  3. Sosial og miljømessig berekraft er viktig for mange stiftingar.
  4. Bruk ord frå tilskotsgjevaren sine vedtekter, omformuler og tilpass til søknaden.
  5. Ha sjølvtillit i søknadsskrivinga. Ver klar, sikker, trygg på kva de vil gjennomføre.
  6. Ver positiv og pirr nysgjerrigheita til tilskotsgjevar – fortel om visjonane. Kva de ønskjer å oppnå. Fortel om kva planar de har på blokka, framdriftsplan og kva delmål de no vil prioritere.
  7. Ikkje undervurder dugnadsarbeidet. Hugs at dugnad handlar om det sosiale fellesskapet!Kaffikoking, vaffelsteiking, rydding og fjerning av søppel og rapportskrivinga i etterkant, alt er dugnad.
Bilde frå søknadskurs.Bilde frå søknadskurs.

Fleire aktualitetar

Sjå alle