Hopp til hovedinnhold

Om norsk folkedans

Forskarane reknar med at vi har seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: bygdedans, runddans/gammaldans, turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Noregs Ungdomslag arbeider som den einaste organisasjonen i landet fagleg og politisk med alle desse danseformene.

Bygdedans

Bygdedansane er dei eldste og mest særmerkte blant norske folkedansar. Bygdedansane var dei mest vanlege dansane i vårt land før runddansen vart populær. Dei eldste bygdedansformane kom til Noreg kanskje allereie på 1500-talet, og har gjennom tida vorte påverka av stilideal i ulike tidsepokar og dei ulike lokalmiljøa dei har vore i. Dette har ført til at vi i dag har eit mangfald av danseformar. Dei eldste formane har enkle steg og bygdedanssnu, medan dei nyare formane er påverka av runddansen og har rask eintaktsnu (runddanssnu).

Til bygdedans reknar ein springar, gangar, pols, rull og halling, med ulike lokale namn.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

BygdedansparBygdedanspar
RunddansparRunddanspar

Runddans/gamaldans

Runddans er eit samlebegrep for ei rekke ulike dansetypar som har fleire fellestrekk. Det viktigaste i runddansen er at paret dansar rundt saman. Alle runddansar er pardansar, og para dansar etter kvarandre i ring mot sola på golvet. Snuingane i dansen kan delast inn i to hovudtypar: Eintaktsnu og totaktsnu. I eintaktsnu kjem dansarane ein gong rundt på berre ei takt av musikken, i totaktsnu brukar dansarane to taktar til å komme rundt ein gong.

Blant runddansar reknar ein vals, ulike polkaformer, reinlender, masurka og pariser, og mange av dansetypane har lokale namn.

Vals
Vals kom som motedans til Noreg frå det tyske språkområdet på slutten av 1700-talet og er den dansen som har vore mest brukt i vårt land på 1900-talet.

Polka
Polka er ei vidareføring av valsen, berre i 2/4 takt, og den runddanstypen med flest namn: Hoppvals, hamborgar, skotsk, polkett, tripper, hoppar, galopp med meir. Polkaen kom til Noreg tidleg på 1800-talet og fekk namnet polka først da dansen vart mote i Paris i 1840-åra.

Reinlender
Reinlender betyr ein person frå Rhinland. Denne dansen vart populær i Tyskland rundt 1850 og spreidde seg raskt til Noreg.

Masurka
Masurka er eit samlenamn for den delen av runddansane i ¾ takt som ikkje er vals. Polkamasurka vaks fram som ein motedans i Paris i 1840-åra og vart dansa over heile Noreg rundt 1900. Det finst mange lokale variantar av masurka i dag.

Pariserpolka
Wienerkreutzpolka vart lansert på slutten av 1800-talet, og er i dag kjend som Wienerkryss eller pariserpolka.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

Turdans

Turdans er eit samleomgrep som femnar om mange dansetypar med stor formvariasjon og kjem frå mange danseslekter. Eit fellestrekk er at dei ofte er bygde opp av delar som kjem i bunden rekkefølge. Desse delane har ofte fast lengd, og blir kalla turar.

Rilane, pardansane og dei fleste andre turdansane har levd i folkelege miljø og har vore lite påverka av danseskolane.

Bygdedansslekta turdansar
Til desse reknar vi dansar som har visse drag felles med bygdedanstradisjonen utan at dei er fullt ut typiske bygdedansar. Først og fremst ligg slektskapen i at dei har vore dansa til bygdedansslåttar.

Dugleiksdansar
Ved sida av solodanstradisjonen som finst i hallingen, har vi hatt ein del små, leikprega dugleiks- og solodansar. Dei er oftast svært enkle i form, og kan innehalde berre eit lite moment av ein dugleiksprøve.

Krossedansar
Det tidlegaste belegget for krossedansar finst i eit manuskript frå sist på 1700-talet. Krossedansane er ofte bygd opp med ein, to eller tre trioar av dansarar som dansar saman, og fleire former synest å knyte seg nært opp til typen bygdedansar for tre personar.

Rilar
Ril har vore dansa her i landet i alle fall sidan slutten av 1700-talet. Både dansenamnet ril og dei danseformene som er knytte til det, ser ut til å vere ein fellestradisjon for Dei britiske øyane og Noreg. Når det gjeld musikken har det vore hevda at dei norske rilane er nærare i slekt med ”hornpipe”-melodiane enn rilane i dei engelsktalande landa. I Noreg har vi i all hovudsak rilar for tre personar og rilar for fleire par.

Kontradansar eller rekkedansar
Desse turdansane føyer seg inn i ei linje av dansar dansa på rekke eller i kvadriljar som vart mote i Europa på 1700-talet. Mange av desse turdansane vart innførte av danselærarar, og har særleg høyrd til storgardsmiljøa på Austlandet og i Trøndelag.

Feiarar
Feiar var motedans tidleg på 1800-talet. Musikken går i 2/4 takt og slåttane har som regel to korte, enkle vek. I nokre tilfelle har dansen òg eit tillegg av vals før eller etter sjølve feiaren. Dansen fanst òg i folkelege formar, dansa i ring. Denne forma har ein småsettprogresjon for to par. Para som dansar saman, byter plass etter kvar omgang av dansen og flytter seg såleis i kvar si retning.

Runddansslekta gruppedansar
Denne gruppa har tilknytinga til runddansen felles. Det er uvisst om alle dansane går tilbake til same rota, men nokre av dei ser ut til å stamme frå 1800-tals Kotiljong (som Kavalerisjokk). Andre dansetypar i denne gruppa er enkle ringdansar i valsetakt, som Åttetur frå Asker.

Einmelodipardansar
Dansane i denne gruppa er på mange vis ulike, men har nokre fellestrekk som held dei saman: Dei er alle bygde på runddansane og har meir eller mindre klare runddanselement i seg. Dei er nært knytte saman med kvar sin melodi, og det høyrer ofte ein tekst med som har gitt dansen namn. Ingen av dei blir dansa til fleire ulike melodiar. Desse dansane er utbreidde og finst i heile det nordiske og tyske språkområdet.

(Kjelder: Grunnbok i folkedans og Norske folkedansar - Turdansar.)

Barn dansar turdansBarn dansar turdans
Stor ring med dansararStor ring med dansarar

Songdans, songleik og 1900-talsdans

Songdans

Den norske songdanstradisjonen er eit spesielt innslag i norsk tradisjon. Songdansen er på mange vis ei nyskaping, men vann seg likevel rom ved sida av den tradisjonsrike folkedansarven. Rundt hundreårsskiftet fekk populariteten til folkevisene ein oppsving. M.B. Landstad si store folkevisesamling som kom ut i 1853, vart eit nasjonalt klenodium. Noregs første professor i folkeminnevitskap, Moltke Moe (1859-1913), restituerte mange av folkevisene og heldt førelesningar om dei og songaren Thorvald Lammers, som var ein av dei leiande i norsk musikkliv som tok opp folkeviser i konsertprogrammet sitt.

Hulda Garborg vart kjent med folkevisene gjennom forelesingane til Moltke Moe og konsertane til Lammers. Men i norskdomskrinsar i hovudstaden, mellom anna i Bondeungdomslaget (skipa i 1899), fanst det folk med kvedartradisjon frå heimbygdene sine, og folkeviser vart òg sunge unisont på møte og samlingar.

Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til slike viser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la grunnen for ideen om ein norsk songdans.

Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” fram Knut Liten og Sylvelin,Per Spelmann og Tosten tala med staven sin 7. mars 1902. 5-600 publikumarar var i salen, mange måtte stå att utanfor.

Songdans fenga som eld i tørt gras, og vart veldig populært i landet. I samarbeid med Klara Semb, utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar.

Fram til 60-åra var Klara Semb den leiande på songdansen. Først i 1970 kom Egil Bakka ut med boka Danse, danse lett ut på foten med 17 songdansar, og i 1982 kom Danse mi dokke av Tor Stallvik. Den siste boka representerer dessutan noko nytt: Ein lokal songdans, der visene er henta frå same distrikt og der dansemåtane er inspirerte av den lokale dansetradisjonen. Geir Egil Larsen formulerte ut denne tanken og gav i 1984 ut samlinga Trønderviser med i alt 21 dansar og med ei innleiing om lokal songdans. Etter det har det kome fleire utgivingar med lokale songdansar og andre lokale danseformar.

(Kjelder: Norske folkedansar - songdansar.)

Songleik

Det er to hovudgreiner av songleiken; den som barna leiker aleine og som har vore aller mest brukt av småjenter i byane, og den som ungdom og vaksne særleg brukte i bygdemiljø. Songleiken som barna bruker når dei er for seg sjølve, er på mange vis ein motkultur til vaksenverda. Desse songleikane har hatt sterkast rot i byane, men finst i dag overalt og er ofte å finne i skolegarden.

Også dei vaksne har dansa songleik, sjølv om det ikkje er så vanleg no lenger. Han vart brukt på juletrefestar, i mange lag og organisasjonar, på stader der ein ikkje fekk danse, og ofte mellom ungdom ute når dei ikkje hadde musikk.

Mange songleikar kom truleg med organisasjonslivet ved hundreårsskiftet, men enkelte er nok mykje eldre. Dei same leikane går igjen i variantar over heile Norden, og dei er ofte språkleg prega av det.

(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)

1900-talsdans

Swing kom frå USA til Noreg på 1950-talet og spreidde seg over det meste av landet på få år. Det utvikla seg lokale variasjonar både når det gjeld motiv, kombinasjonar av. motiv, stegmønster, stil og også lokalt namn.

Historia om folkedans i Noregs Ungdomslag

Nysgjerrig på korleis folkedansen har utvikla seg gjennom tidene i organisasjonen vår?