Hopp til hovedinnhold

Historia om folkedans i Noregs Ungdomslag

Hulda Garborg var opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Dansen lanserte ho første gongen på ein marknad i regi av Bondeungdomslaget i Oslo i mars 1902, og interessa var så god at ho same året drog til Færøyane for å lære om folkevisedansen der. Seinare samarbeidde ho mykje med Klara Semb (1884–1970) om utviklinga av ein eigen norsk folkedansetradisjon. Også Semb besøkte Færøyane. Ho gav ut fleire opplæringsbøker for dansen og reiste mykje rundt og dreiv opplæring.

Før songdansen kom, var runddans (gammaldans) vanleg i ungdomslaga. Etter press frå folkeviseleikarane innførte NU i 1917 forbod mot runddans på lagsmøta i organisasjonen. Noko av bakgrunnen for dette låg nok i at runddansen var knytt til dansefestar med alkoholbruk og fyll. Folkedansen hadde ikkje det same ryktet.

Samtidig med at det vart satsa på folkedansen, kom òg folkedraktene – bunaden, meir og meir i bruk som festdrakter frå og med hundreårsskiftet. Også på dette området var Hulda Garborg og Klara Semb pionerar. Garborg forma ut ein bunadstype som vart svært populær over heile landet, og som i dag berre går under namnet «Hulda Garborg-drakt».

Hovudpoenget for Garborg var ikkje å ta vare på dei gamle kledetradisjonane, og ho la stor vekt på å komponere plagg som passa inn i tida. Klara Semb hadde ei heilt anna haldning til dette – ho arbeidde for å få inn meir tradisjonelle kjenneteikn og fjerna mykje av dei moderniserte mønstra.

Pionertida

Ei reknar 1902 som å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg (fødd 1862), var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. Ho fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda ein norsk songdans som fekk sitt store gjennombrot på marknaden til Bondeungdomslaget (BUL) Oslo den 7. mars 1902.

Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans, og på sine stader bygdedans, var problematisk i forhold til alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkommen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsjar og songleikar, gjerne med banale eller svenskprega tekstar. Ungdomslaga la aldri skjul på at songdansen var nyskapt. No ville ideologane i laget kaste ut den såkalla runddansen. Bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. Den meir moderne 1900-talsdansen, som til dømes foxtrot, tango og onestep, vart sett på som utanlandsk og ikkje akseptert.

Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte danseprosjektet til Hulda Garborg. På dei mange reisene ho gjorde rundt om i landet, lærte ho bort og teikna ned dansar, utvikla terminologi og laga dansemåtar til enda fleire viser. Turdansen (musikkdans) vart no ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida.

Hulda Garborg og Klara Semb var dei første til å skrive rettleiingsbøker i folkedans, og Noregs Ungdomslag har seinare gjort eit stort arbeid med å revidere bøkene (Norske folkedansar - turdans og Norske folkedansar – songdans)

Noregs Ungdomslag vedtok tidleg på tjuetalet eit forbod mot å danse runddans på lagsmøta i organisasjonen. Dette skapte stor strid. NU brukte store ressursar på å lære dei unge folkeviseleik og for å få ned alkoholbruken. Forbodet mot runddans vart oppheva i 1957.

På tjue- og trettitalet gjekk alt framover i ungdomslaga, på alle frontar. Dansen utvikla seg og instruktørane fekk meir kunnskap og erfaring. Det vart arrangert store stemne på fylkes-, nasjonalt og nordisk nivå. Dei største med 12 000 tilskodarar og 1 000 dansarar. Instruktørkursa gjekk i perioder over to og tre veker på sommaren.

Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho vart etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Da nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans vart handheva mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, vart derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. “Vardevakt” vart dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen.

Tida etter krigen
I tida etter krigen vart det ei omfattande omorganisering i NU, og ein sterk fagleg organisasjon vart bygd opp på alle plan. Store faglege debattar gjekk etter tur i perioden fram mot åttitalet. Klara Semb innførte attersteget i si nye bok, noko som var ein enklare variant av Hulda Garborg sitt steg. Stor var også debatten kring forbodet mot runddans, men aller størst var nok diskusjonen kring 1900-talsdansen sin innpass i repertoaret hos leikarringane.

I 1950- og 60 åra deltok NU med store produksjonar og mange delaktige, samt som arrangør og organisering, både på nordiske og internasjonale stemne. Etterkrigstida var ei ny glanstid for folkedansen i NU. Det var ventelister for å ta instruktøropplæringa og vekelange repetisjonskurs. Men trass i dette, begynte medlemstalet å gå nedover. Folkeflyttinga til byane får mykje av skulda. Resultatet av endringa i samfunnet var at laget på bygda mista medlemmer, og bylaga fekk fleire medlemmer og sterkare fagleg miljø enn nokon gong. Leikstyret i NU vart i denne perioden gjort om til Leikråd.

Tid for nytenking og nytt materiale
Som reaksjon på dalande interesse og medlemstal, vart det gjort fleire tiltak. I 1967 vart det for første gong tilsett reiseinstruktør på landsplan i NU. Gunnar Rødal reiste Noreg på kryss og tvers for å halde folkedanskurs for barn og vaksne, på skolar og i lokallag. Gunnar var tilsett i NU i to periodar, frå 1963-1967 og frå 1971–2001. I 2009 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje for innsatsen.

På 1960-talet starta NU for første gong opp arbeid med berre ei definert målgruppe, nemleg barn. Landsstemne og fylkesstemne for barn var populære tiltak og viktige møtestader.

På 1970-talet vart det igjen stor interesse i samfunnet for “alt som var norsk”. Medlemstalet i NU begynte å stige igjen og folkedans og folkemusikk vart ein populær aktivitet. Mange unge fekk interessa for folkemusikk og folkedans som student eller på folkehøgskole. I denne perioden var det heile seks rådgivarar og instruktørar i folkedans tilsett i NU. I tillegg var fleire tilsette som reiseinstruktørar i fylkeslag rundt om i landet.

I boka “Danse danse lett” (1970) lanserte folkedansforskar Egil Bakka eit nytt og revolusjonerande system for å skildre dansesteg. Nytenkinga skulle seinare mellom anna påverke den reviderte utgåva av rettleiingsbøkene til Klara Semb.

I 1972 vart Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) etablert som eit bindeledd mellom alle som arbeidde med folkemusikk og folkedans. Eit år seinare fekk rådet eit eige sekretariat, og er i dag ein sjølvstendig institusjon. Professor i folkedans, Egil Bakka, og professor i folkemusikk, Bjørn Aksdal, har hatt særleg stor påverknad heilt frå starten.

Fokus på lokal tradisjon og forsking
På 1980-talet vart den faglege tynga på kontoret og i leikrådet (no folkedansrådet) styrkt. Nye studietilbod ved Rff-sentret hadde mellom anna ført til at ein kunne krevje formell kunnskap. Dette førte til fleire fagpolitiske diskusjonar og mange store prosjekt. Her kan ein til dømes nemne revidering av instruktøropplæringa, arbeid for å få folkedans inn i grunnskolen, dokumentering og fagleg arbeid med sving-tradisjonen, samt at ei rekke bøker, hefter og innspelt musikk vart gitt ut.

Lokal forankring og tradisjon fekk meir og meir fokus og ein begynte dermed å diskutere omgrep som folkeleg dansestil og tradisjon. Interessa for danseforsking auka og det vart arrangert fagseminar og publisert artiklar og rapportar, samt gjort eit stort dokumentasjonsarbeid av lokale variantar av songleik, turdans, bygdedans, runddans og sving. Songdansen er i større grad enn turdansen konstruert av Hulda Garborg og Klara Semb, men også denne danseforma utvikla seg mykje i denne perioden. For i større grad å vise heilskapen i danseformene, vedtok NU å ta utgangspunkt i tradisjonelle danseformer som grunnlag for songdanssteg og metodikk. Etter dette vart det gitt ut fleire hefte med dansemåtar til lokale viser. I 1985 var det store arbeidet med å revidere songdansboka og turdansboka (Klara Semb) ferdig. Den nye utgåva skapte diskusjon da nye forskingsresultat og prinsipp påverka både repertoar, musikk og dansemåte.

Det vart oppretta ulike tevlingar for å inspirere og engasjere grupper og enkeltpersonar til fagleg kvalitetsarbeid og til å delta på Landsstemne; Feleknappen (1968), Framsyningskappleiken (1987) og Spelmerket (1995) var populære tiltak som skulle motivere, inspirere og fremje kvalitet og nyskaping.

Brytningstid
1990-talet var prega av økonomisk krise, nedgang i medlemstal og dramatiske kutt i årsverk på NU-kontoret, men også av stor feiring av 100-årsjubileum, samt lobbyverksemd som førte til at folkedansarbeidet i NU fekk eigen post på Statsbudsjettet.

På NU-kontoret måtte ein omorganisere, og fagleg kompetanse på folkedans og -musikk vart nedprioritert i ein lang periode. Med stor innsats frå tillitsvalde og eldsjeler, klarte ein likevel å arrangere store folkedansarrangement, som til dømes Barnlek på Gjøvik i 1995 og Nordleik i Stavanger i 2000. Etter kvart klarte ein også å få direkte tilskot til folkedansarbeidet over Statsbudsjettet, tilsetje ein kulturkonsulent med fagleg kompetanse i folkedans, samt fullføre arbeidet med det lenge etterlengta undervisningsopplegget Danselyst.

Dei økonomiske utfordringane i NU og trenden i samtida førte til at ein måtte prioritere annleis. Det vart viktigare enn nokon gong å rekruttere deltakarar utanifrå. Landsstemne vart til dømes gjort om til Folkekulturfestival, Sommarkursa hadde få deltakarar i mange år og vart i 2009 lagt ned, og det internasjonale arbeidet fekk mindre fokus. Instruktøropplæringa i folkedans vart grundig evaluert og revidert fleire gonger i perioden. Medan ein på 80-talet hadde stort fokus på aktivitet for barn, var det no fylkeslaga og lokallaga som laga møtestader for denne aldersgruppa. Ut over 2000-talet vart også desse møtestadene færre. Ungdom vart definert som hovudmålgruppe for arbeidet, og ein støtta dei fylkesvise Ungdomsringane rundt om i landet, samt arrangerte samling for ungdommar i forkant av Folkekulturfestivalen. Samlinga vart kalla for Noregs Ungdomsring (NUR). I 2010 vart Folkekulturfestivalen erstatta med nyvinninga Folkedansfestivalen og NUR endra namn til Sommarleiren i NU.

Kjelder:
Aksdal, Bjørn og Sven Nyhus: Fanitullen (1993)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Songdansar (1985)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Turdansar (1991)
Bakka, Seland, Vårdal: Grunnbok i folkedans (1986)
Kløvstad, Jan (red.)“Ungdomslaget,”
Årsmeldingar for NU (1980 – 2009)