Prisdryss til Dag Vårdal og Arne og Asbjørg Sølvberg
Kvart år deler Norsk senter for folkemusikk og folkedans ut to gjeve prisar i folkemusikk- og folkedansmiljøet. I 2021 vart prisane delt ut under representantskapsmøtet 24. september i Oslo. Vi kan med glede fortelje at NU har medvirka til å nominere inn båe kandidatane til dei to prisane som vart delt ut i haust.
Fagpublikasjonsprisen gjekk denne gongen til Dag Vårdal! Dag fekk prisen for sitt imponerande arbeid med utgjevinga Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet. Verket består av fleire delar med både historie, dansebeskrivingar, notar og musikk. Ta kontakt med oss (eller Kultivator) dersom du ynskjer å kjøpe verket.
Dag har fått mykje merksemd og prisar dei siste åra, seinast som nyutnemnd heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i april 2021. Sjå nedst på sida for filmen vi fekk laga i samband med heidersmedlemsutdelinga tidlegare i år.
Les meir hjå Sff om prisen her.
Prisen for folkemusikk og folkedans gjekk i år til Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne M. Sølvberg for mellom anna det lange og trofaste arbeidet med folkedansopplæring lokalt i Fjelli UL. Denne prisen vert gitt til personar som har gjort ein ekstraordinær innsats på folkemusikk- og/eller folkedansfeltet.
Lenger ned på denne sida kan du sjå eit gjensyn med portrettfilmen vi laga i samband med Folkepedia-innspelinga i Stryn i 2017. Her får du eit innblikk i korleis prismottakarane har jobba med danseopplæring i Fjelli Ungdomslag.
Les meir om prisen hjå Sff her.
Vi i Noregs Ungdomslag gratulerer så mykje til alle prismottakarane våre, og takkar for det gode arbeidet dei gjer for folkemusikken og folkedansen lokalt og nasjonalt.
Her kan du sjå film av Dag Vårdal.
Her kan du sjå film av Asbjørg og Arne Sølvberg.
Fleire aktualitetar
Sjå alleVinnarar av kven veit 2024!
Årets vinnarar av kven veit er kåra. Tema for både quizzen og bildekonkurransen var eurovision. Sjå resultatlista ved å klikke her.
20. april 2024
Leiar si opningstale til landsmøtet 2024
Landsmøtet 2024 er opna, og her er leiar Torbjørn Bergwitz Lauen si tale til landsmøtet.
20. april 2024
Søknadskurs - Kva gjekk du glipp av?
Før landsmøtet hadde Christoffer Knagenhjelm eit seminar om søknadsskriving. Her kjem nokre av tipsa han ga.
20. april 2024