Hopp til hovedinnhold
Festival
  • Folkedans,
  • Bunad og handverk,
  • Levande kulturarv

NORDLEK 2024

Arrangør: Aust-Agder UL

Bli med på nordens største folkedansfestival 16.-21. juli 2024 i Arendal!

  • Peder Thomassons gate 4, 4836 Arendal
bilde av arendalbilde av arendal

Nordisk folkedans- og folkemusikkfestival

NORDLEK 2024 i Arendal vil tilby eit breitt spekter av arrangement i løpet av festival-veka for både deltakarane på festivalen, og for lokalbefolkninga. 
Det er førebels planlagt rundt 170 ulike arrangement.

Det heile opnar med eit spektakulært opningsshow i Pollen på tysdagen med aktørar frå store delar av Norden.

Om kveldane er det først og fremst dansefestar i ulike lokaler. På Sam Eydes Plass inviterar vi til Nordisk Meisterskap i Dansespel med finale på laurdagen.

På fredagen inviterar me dansarane til Framsyningskappleik og for dei som vil prøve seg blir det Go’kar-tevling med både hallingkast og slinkompass.

Det blir òg kurs i både dans, spel og handverk, det blir konsertar, utstillingar, utfluktar, Nordisk ball, folkelore-framsyningar, songtreff, folkemusikkafé, byvandring, buskspel og jam.

Det heile blir avslutta med eit stort festtog gjennom byen der alle deltakarane kler seg i nasjonaldrakter og bunad. Festtoget blir avslutta med ei stor nordisk folkedansmønstring og festframsyning.

Målet er å fylle Arendal by med musikk og dans heile veka. Vi brukar både Sam Eydes Plass, Kanalplassen, Pollen, Kulturhuset, Kulturkammeret og fleire lokale kaféar og restaurantar som arenaer for arrangementa.

I forkant av festivalen inviterar vi til Nordisk Sommarleir for ungdom på Hove. Det blir òg lagt opp til fleire arrangement særleg retta mot barn og familiar.

NORDLEK skal vere ein trygg festival for alle, og det blir ikkje servert alkohol på festivalen.

Fleire arrangement

Sjå alle
Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Opent NU-kontor

  • 0
Møte

Landsmøte 2024

Dronning Eufemias gate 4

Dansefest
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Ungdomshus

Dansefest & prisutdeling i BLS

Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, 0265 Oslo

  • 100,-/200,-