Hopp til hovedinnhold
Dansefest
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Ungdomshus

Dansefest & prisutdeling i BLS

Bli med på dansefest og prisutdeling i samband med landsmøtehelga til Noregs Ungdomslag. Opent for alle!

  • Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22, 0265 Oslo
  • 100,-/200,-
dansarar på landsmøtefestdansarar på landsmøtefest

Laurdag 20. april inviterer Noregs Ungdomslag (NU) til fest med dans, levande musikk, prisutdeling, teaterleik, loddsal, stort kakebord og kaffi i dei tre salane i Bygdelagssamskipnaden i Oslo.

Det blir varierte økter med dansespel, både runddans/gamaldans, turdans, songdans og bygdedans. Det blir også nokre økter med leia fellesdans.

Denne kvelden blir det også prisutdeling! Vi offentleggjer og deler ut pris til vinnarane av Kven veit?, årets lokallag og årets Kven veit?-bilete. Du kan vere med på å stemme fram årets lokallag heilt fram til 15. april: https://www.ungdomslag.no/bodstikka/stem-pa-arets-lokallag-2023.

Det blir også loddsal med moglegheit for å vinne flotte premiar!

20:00 Dørene opner (for deg som ikkje er med på landsmøtet)
20:30 Dansespel i fleire salar
20:30 Kaker og kaffi i kafeen
21:30 Fellesdans med Tone i Storsalen
22:00 Prisutdeling i Storsalen
00:00 Takk for i kveld

Desse fantastiske musikarane spelar til dans:

  • Flatlusa Spelemannslag - runddans, bygdedans og turdans
  • Nina Byttingsmyr, Espen Aasbø & Torgeir Fiane - bygdedans og runddans
  • Isa Holmgren, vokal - bygdedans/runddans Finnskog
  • Åsmund Fauske Jøtun, hardingfele - bygdedans Hallingdal
  • Amalie Kinsarvik, torader - bygdedans Vestland
  • Marius Westling, fele - bygdedans/runddans Hedmark

Tone Ingvaldsen er danseleiar.

Festen er ein del av landsmøtehelga til NU, men er open for alle. Fri aldersgrense og rusfritt arrangement.

Arrangementet er i samarbeid med Leikarringen Frøy.

Antrekk: På denne festen kan du kome akkurat slik du ynskjer, det er også lov å lufte bunaden før 17. mai om du vil.

Adresse: Nordahl Bruns gate 22, Oslo

Pris: NU-medlem 100,-, ikkje medlem 200,- (betaling med vipps/kort i døra). Utsendingar frå landsmøtet kjem gratis inn.

Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.

---

FLATLUSA SPELEMANNSLAG

Frå NMBU tek studentspelemannslaget Flatlusa turen til hovudstaden for å spele opp til dans. Sjølv om studentane blir skifta ut med jamne mellomrom, held spelemannslaget det gåande. Sidan 1979 har dei halde på og i dag består dei av 14 musikarar som kan traktere alt frå kontrabass til tverrfløyte. Namnet har dei frå oppstarten for over 40 år sidan. Grunnleggaren hadde eit ønskje om å starte eit reint hardingfelelag, men det kom berre flatfeler på den første øvinga. I rein skuffelse valde han å kalle laget for Flatlusa.

Denne laurdagen kjem det både hardingfeler og flatfeler.

Oversikt over dansespel på festenOversikt over dansespel på festen

Fleire arrangement

Sjå alle
Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Opent NU-kontor

  • 0
Møte

Landsmøte 2024

Dronning Eufemias gate 4

Nettmøte
  • Folkedans,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk,
  • Ungdomshus,
  • Teater

Nettmøte: Studieforbundet Kultur og Tradisjon

Digitalt