Hopp til hovedinnhold

Teaterhistoria til Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar med å drive amatørteaterarbeid. Dette har heilt sidan skipinga i 1896 vore ein av kjerneaktivitetane til organisasjonen.

Motivasjonen for teaterarbeidet på seint 1800-tal og starten av 1900-talet var å fremje norsk dramatikk, skriven og framført på norsk, og då også nynorsk.

Sidan den gongen har teaterarbeidet i NU utvikla og endra seg i takt med samfunnet elles, men har alltid hatt ein sterk posisjon i organisasjonen sitt arbeid.

Det starta på 1800-talet

I 1855 skreiv Ivar Aasen Ervingen – det første dramaet på nynorsk. Gjennom åra har dette stykket vore sett opp i mange ungdomshus. Også Hulda Garborg var ein viktig inspirator for amatørteatertradisjonen i ungdomslaga. Ho starta Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret, og der arbeidde ho saman med ei rekke framståande ungdomslagsfolk. Ho skreiv sjølv og regisserte fleire stykke, deriblant Rationelt fjøsstell, som er eitt av dei mest framsynte stykka i Noreg. I samband med NU sitt 125-års jubileum fekk vi med oss forfattar Olaug Nilssen til å skrive ei modernisering av stykket.

Sidan midten av 1970-talet fekk teaterarbeidet i NU eit oppsving. Særleg folkekomediar som Kallane i Oladalen og Brødrene Østermanns huskors har vore mykje spelt. I 2003 tok NU initiativ til å arrangere Norsk Amatørteaterfestival, og denne festivalen vart arrangert annakvart år fram til 2014.

Ein tekna plakat av teaterframsyninga Den store Barnedåpen oppsett av Spellaget bondeungdomslaget OsloEin tekna plakat av teaterframsyninga Den store Barnedåpen oppsett av Spellaget bondeungdomslaget Oslo
Oversiktsbilete frå innsida av ei ungdomshus. Vi ser ei scene der sceneteppet er trekt forOversiktsbilete frå innsida av ei ungdomshus. Vi ser ei scene der sceneteppet er trekt for

Ungdomshusa

Ungdomshusa har sidan dei blei starta bygga på andre halvdel av 1800-talet husa utallege drama på nynorsk, det første skriven av Ivar Aasen (“Ervingen”, 1855). Hulda Garborg var også ein viktig pådrivar for amatørteateret i ungdomslaga. Ho starta Det Norske Spellaget, og skreiv fleire stykke som er mykje brukt i ungdomslaga. Føremålet med den lokale amatørteateraktiviteten var mellom anna å bringe kultur og språk til bygdefolket der dei budde.

Sentrale tilskipingar

Gjennom 1900-talet utvikla teaterarbeidet seg mykje, og ein fekk etter kvart sentrale tilskipingar med sommarkurs, instruktøropplæring og festivalar i regi av sentralleddet til NU. Aktiviteten i lokallaga har variert gjennom heile organisasjonen si levetid, men fekk ein oppsving på 1970/80-talet. Sommarkursa var ein møtestad for ungdom og vaksne der dei gjennom ei vekes tid kunne gå på kurs i teater (og bunad/handverk, folkedans og folkemusikk). Det siste sommarkurset til Noregs Ungdomslag blei skipa til i 2007. Årsaka til avviklinga av sommarkursa var for låg deltaking.

Ein slags arvtakar for sommarkursa er Sommarleir for ungdom (Tidlegare Noregs Ungdomsring, NUR). Medan NUR var eit tilbod for danse-, og spelungdom, er Sommarleiren eit tilbod med kurs også for andre aktivitetar, inkludert teater.

Frå 2003 – 2014 arrangerte NU Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret på våren kvart år. Dette var ein festival kor lokallaga i NU blei inviterte til Oslo for å spele sine framsyningar på ei profesjonell scene. Samtidig hadde ein under festivalen ulike kurs og andre sosiale happeningar. Det blei etter kvart vanskeleg å få lokallaga til å kome, mest på grunn av at festivalen føregjekk på ei tid på året kor det er vanskeleg å reise (mai/juni). Tidspunktet fekk ein ikkje endra grunna årshjulet til Det Norske Teatret.

Ein hadde også nokre år ein Folkekulturfestival med både kurs, tevling, framsyningar og sosiale aktivitetar innan både dans, musikk og teater. Deltakinga og oppslutninga av “teaterfolk”, samt etterspurnaden av teateraktivitet blei etter kvart så lågt, at denne festivalen blei til ein rein Folkedansfestival. På Landsmøtet i 2015 blei det gjort vedtak om å leggje ned både Norsk Amatørteaterfestival og Folkedansfestivalen, på grunn av for låg deltaking. NU har ikkje hatt sentrale tilskipingar tilsvarande desse festivalane sidan då.

Gruppebilete frå sommarleiren 2022Gruppebilete frå sommarleiren 2022
Logoen til Den Mangfaldige SvenenLogoen til Den Mangfaldige Svenen

Prosjekt og satsingar

Den Mangfaldige Scenen er resultatet av eit initiativ som BUL Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag tok i 2007. Prosjektet skulle vere eit nytt barne-, og ungdomsteater i Oslo. Fram til 2014 gjennomførte ein fleire ulike prosjekt med mange involverte instruktørar og barn, men fekk då på plass ei ordning for fast drift. NU sitt i styret til Den Mangfaldige Scenen.

Fagråd

Noregs Ungdomslag hadde fram til Landsmøtet i 2014 eigne fagråd på felta teater, bunad, folkedans og barn & unge. Leiaren av fagråda satt i styret. Fagråda blei vedtatt nedlagt etter 2014. Bakgrunnen for nedlegginga er kort fortalt at ein ikkje såg på drift av råda som økonomisk forsvarleg, samstundes som det ikkje var tydeleg nok kva for oppgåver desse råda skulle ha.

Etter Landsmøtet i 2023, derimot, har initiativ til å gjenopprette fagråd i NU blitt fulgt opp, men råda kjem nok til å ha ein annan utsjånad enn tidlegare.

Votering under landsmøte til Noregs UngdomslagVotering under landsmøte til Noregs Ungdomslag
Ungdom som øver på stort musikalnummer Ungdom som øver på stort musikalnummer

Opplæring og samarbeid

Opplæringsarbeid har i mange år vore sentralt i organisasjonen, og ordningar som instruktøropplæring, kurs og gjesteinstruktør har vore relativt stabile i lang tid. Sjølve modellen for dei ulike tilboda har endra seg litt undervegs, og ein ser stadig behov for å utvikle og justere på opplæringstilboda.

Nokre opplæringstilbod, slik som Scenerom, har vi samarbeid med andre organisasjonar om.

NU har vore involvert i fleire ulike nasjonale og internasjonale samarbeid på amatørteaterfeltet. Eitt av dei siste samarbeida har vore det nordiske manusutviklingsprosjektet for barn og ungdom, Hugin/Munin.
Du kan lese meir om Hugin/Munin-prosjektet her.

Gjennom det nord-europeiske nettverket for amatørteater, NEATA, får vi moglegheit til å diskutere amatørteaterfaglege tema med organisasjonar i andre land. Nettverket gir oss også moglegheitar til samarbeid og deltaking i prosjekt og arrangement.
Du kan lese meir om dette på NEATA sine sider her.