Hopp til hovedinnhold

Tilskotsordning

Akademifondet

Noregs Ungdomslag skal i 2024 dele ut 400 000 kroner frå Akademifondet til tiltak innan folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Både enkeltmedlemmar, lokallag og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan søke om opptil 100 000 kroner.

Noregs Ungdomslag skal i 2024 dele ut 400 000 kroner frå Akademifondet til tiltak innan folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Både enkeltmedlemmar, lokallag og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan søke om opptil 100 000 kroner.

I søknaden må det bli lagt fram både planar og budsjett. Send prosjektskildring og budsjett til post@ungdomslag.no etter skjemaet under er fylt ut. Godkjente søknadar må sende inn rekneskap og rapport.


Søknadsfristen er 11. februar 2024. På landsmøtet i april blir det offentleggjort kven som får tildelt midlar.

Om Akademifondet

Akademifondet til framhjelp for norsk kulturreising blei oppretta som ei sjølveigande stifting etter at Rauland Folkehøgskule og Akademi blei lagt ned i 1988. Det var dei tre organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Folkehøgskuleforbundet som skipa skulen i 1973, og det var idégrunnlaget til desse organisasjonane som prega miljøet og drifta ved skulen.

Skulen blei raskt eit kultursenter i Raulandsbygda, særleg etter at Akademidelen fekk linjer for folkekunst. Når skulen blei lagt ned gjekk bygningane over til Raulandsakademiet AS, og folkekunstutdanninga heldt fram som del av Høgskulen i Telemark, no Universitetet i Søraust-Noreg. Her kom det seinare eit studietilbod i folkemusikk, og frå 2024 kjem det studietilbod i folkedans. På dette viset er Akademiet framleis ein viktig kulturfaktor i Rauland.

Frå statuttane for Akademifondet:

§5: Utdeling frå fondet

Akademifondet skal gje støtte til tiltak innan t.d. folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Så vel privatpersonar som lag, organisasjonar og institusjonar kan søkje om utdeling frå fondet.

Fondet kan på eige initiativ gje påskjønning til personar, lag, organisasjonar og institusjonar som fondsstyret meiner har gjort eit verdifullt arbeid.

Søkjaran skal leggje fram planar og budsjett. Fondet skal krevje rekneskap og rapport. Midlane kan krevjast attende dersom tiltak ikkje vert gjennomført eller midlane bevisleg har vore nytta til anna enn føresett.

§6: Søknadsfrist og utdelingstidspunkt

Søknadsfristen er 31.3 kvart år. Utdeling frå fondet skjer ved ei høveleg tilskiping i ein av dei tre organisasjonane t.d. årsmøtet.

Fleire tilskotsordningar

Sjå alle
tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetartilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Levande kulturarv
  • 1. april 2023
  • 1. oktober 2023
  • 1. august 2023
  • 1. desember 2023
  • 10 000 - 500 000

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest har fleire ulike støtteordningar, med ulike tema og nedslagsfelt

tilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetartilskot, søknad, midlar, prosjekt, barn, ungdom, aktivitetar
  • Teater
  • Folkedans
  • Bunad og handverk
  • 28. august 2023
  • 1. mars 2023
  • 20 000 – 50 000

Fond for lyd og bilde

Godgjørelse til rettighetshavere for kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete.

  • Ungdomshus
  • 5. desember 2023
  • 50 000 - 1 000 000

ARENA - tilskuddsordning for bygg og infrastruktur

Ordninga skal medverke til at det profesjonelle prosjektbaserte kunst- og kulturfeltet i heile landet innan biletkunst, scenekunst, musikk, litteratur, tverrkunstneriske uttrykk og det frie kulturvernet har tilrettelagt, berekraftig og hensiktsmessig infrastruktur for produksjon, formidling og faglag utvikling.