Hopp til hovedinnhold
Styringsdokument

Langtidsprogram 2022-2030

Vedtatt på landsmøtet til NU 24. april 2022

Kor er vi, kven er vi, og kor vil vi?

NU-pila peiker framover, og det skal eit langtidsprogram òg. Det skal vise veg og retning for organisasjonen i åra som kjem, og sette rammer for alle ledd i organisasjonen.

Langtidsprogrammet skal inspirere og motivere til felles løft og innsats uavhengig av kor i landet du er frå, kva aktivitet du driv med, eller kva aldersgruppe du høyrer til. Det skal gi ei klar retning på arbeidet, og hjelpe oss med å utvikle, mobilisere og rekruttere.

I ein organisasjon med 125 år på baken, har det vore mange bølgedalar og -toppar. Dei siste 25 åra har til tider vore tunge og vanskelege, men vi har bygd oss opp att stein for stein. No er tida kommen for ein felles innsats for å løfte organisasjonen. Fram mot 2030 skal vi gå strategisk og metodisk til verks for å bygge Noregs fremste organisasjon for immateriell kulturarv og levande lokalkultur i by og bygd.

NU i 2030

For å kunne løfte oss som organisasjon, må vi sette oss nokre mål, både for sentralleddet og for heile organisasjonen. Desse måla er fordelt på fem fokusområde: Eit sterkt NU-fellesskap, Rom for kultur, Immateriell kulturarv, Organisasjonsbygging og Møteplassar.

I tillegg har vi peikt ut tre av FNs berekraftsmål som vi i Noregs Ungdomslag skal ha fokus på i åra framover:

10) Mindre ulikskap

11) Berekraftige byar og lokalsamfunn

17) Samarbeid for å nå måla

Eit godt arbeid med langtidsprogrammet føreset ei grundig kartlegging av aktiviteten i organisasjonen i 2022 og 2030.

Visjon:

Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som gjennom levande lokalkultur og immateriell kulturarv skaper identitet og trygge generasjonssamlande fellesskap.

Eit sterkt NU-fellesskap

Det er tid for å bygge ein sterkare og meir samansveisa organisasjon. Ein organisasjon der alle heiar på kvarandre, føler seg inkluderte og drar i lag.

Mål: NU er ein organisasjon medlemmane er stolte over og kjenner seg heime i.

Dette skal vi oppnå ved å ha

  • inkluderande og trygge fellesskap
  • ein kultur for å styrke kvarandre
  • ein heilskapleg og felles identitet
  • ein struktur tilpassa organisasjonen
  • god informasjonsflyt
  • ein synleg og kunnskapsrik organisasjon

Rom for kultur

For at vi skal kunne samle oss til aktivitet, fest, kreativ utvikling, galskap og moro, treng vi alle ein stad å vere. Eit rom for kultur. Særmerket ved organisasjonen vår er alle ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa; dei kulturelle ballbingane våre.

Mål: NU har den beste kompetansen på rom for kultur.

Dette skal vi oppnå ved å ha

  • kompetanse i å hjelpe kvarandre med å finne rom for kultur
  • ei samla oversikt over alle organisasjonseigde hus i NU
  • kompetanse i heile organisasjonen på drift og vedlikehald av organisasjonseigde hus
  • god kontakt med styresmaktene om stønadsordningar for organisasjonseigde hus

Immateriell kulturarv

Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Kunnskapen blir praktisert i dag og ført vidare gjennom kreative uttrykksmøte som handverk, musikk, dans, teater, mattradisjonar, ritual og munnlege forteljingar.

I NU har vi eit mangfald av aktivitetar, og det meste fell inn under dei store paraplyane levande lokalkultur og immateriell kulturarv. Amatørteater og folkedans skil seg særskild ut både i medlemsmassen og historikken.

Mål: Medlemmene i NU har framifrå kompetanse på formidling og vidareføring av immateriell kulturarv og levande lokalkultur.

Dette skal vi oppnå ved å ha

  • ei felles forståing for kva immateriell kulturarv er
  • gode instruktørar på fagfelta amatørteater og folkedans
  • etablerte fagforum
  • gode og populære opplæringstilbod innan fagfelta våre
  • eit godt fagsamarbeid med andre organisasjonar
  • god kontakt med styresmaktene for å styrke rammevilkåra våre
  • kulturaktivitetar for barn og ungdom i heile landet

Organisasjonsbygging

Ved å bygge gode tillitsvalde i organisasjonen, bygger vi samtidig opp under det demokratiske Noreg.

Mål: Organisasjonsopplæringa i NU gir motiverte og trygge tillitsvalde og tilsette.

Dette skal vi oppnå ved å ha

  • årlege opplæringstilbod til alle tillitsvalde
  • eit etablert opplæringstilbod i lags- og organisasjonsarbeid
  • ein kultur for at nye tillitsvalde blir tatt godt imot og føler seg trygge i vervet sitt
  • eit leiarutviklingsprogram og leiarnettverk

Møteplassar

For at ein organisasjon skal kunne dra i lag, drive godt fagleg arbeid og skape gode opplæringsarenaer, er det viktig med møteplassar og møtepunkt. Det skjer noko med mennesket i møte med andre, og denne kreativiteten og skapargleda er grunnleggande nødvendig for ei sunn organisasjonsutvikling. Vi ønsker difor å styrke dei fysiske møteplassane, men òg supplere og vidareutvikle dei digitale møtearenaene, i ein organisasjon med store geografiske avstandar.

Mål: NU har fleire identitetsskapande møteplassar.

Dette skal vi oppnå ved å ha

  • både alderstilpassa og generasjonssamlande møteplassar
  • regionale møteplassar i heile landet
  • minst to årlege nasjonale møteplassar for heile organisasjonen
  • deltakarar frå alle fylke på BARNLEK 2029

Til grunn for langtidsprogrammet ligg føremålsparagrafen (§ 1 Føremål i NU-lova), prinsipprogrammet (Stikkord: Frilyndt, samfunnsengasjement, folkeleg kultur og samværskultur) og den fagpolitiske plattforma, som tidlegare er vedtekne av landsmøtet.

Fleire styringsdokument

Sjå alle
Styringsdokument

Fagpolitisk plattform

Den fagpolitiske plattforma til Noregs Ungdomslag seier kva som har vore og skal vere prioriterte område for organisasjonen. Gjeldande fagpolitisk plattform vart vedteke på Landsmøtet i 2018.

Styringsdokument

Mandat rådsmøte for folkedans

Vedteke av styret 17. september 2023.

Styringsdokument

Prinsipprogram

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen: