Hopp til hovedinnhold

Opplæring og kurs

Lokallaga og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag driv eit stort opplæringsarbeid, både lokalt og regionalt. Sentralleddet i Noregs Ungdomslag brukar også mykje ressursar på opplæring av t.d. instruktørar, bunadstilverkarar og innan generell kompetanseutvikling i organisasjonen.
Her finn du oversikt over alle opplæringstiltak Noregs Ungdomslag tilbyr.

Følg med på arrangementskalenderen vår for oppdateringar om framtidige kurs.

Instruktørkurs i folkedans

Noregs Ungdomslag er ein av få aktørar som driv ei systematisk opplæring av instruktørar innan folkedansfaget. Opplæringsmodellen har utvikla og fornya seg, og dekker i dag dei fleste dansetypar og sjangrar. Det finst kurs for deg som er heilt fersk som instruktør, for deg som ynskjer ein spesifikk dansetype eller for deg som ynskjer å fordjupe deg til dømes i teknikk og samdans.

Vi har eit mål om å gjennomføre fire instruktørkurs kvart år. Geografisk plassering og fastsetjing av tema for dei ulike kursa blir gjort etter innspel frå lokal- og fylkeslag, eller ut i frå kva sentralleddet oppfattar som dagens behov. Sentralleddet er økonomisk ansvarleg for kurset, men den praktiske gjennomføringa kan leggast til både storkurs i fylkeslaga, eller på eigne arenaer i lokal- og fylkeslaga.

Vi tek i bruk forskjellige instruktørar til å halde desse kursa, slik at deltakarane skal få fleire førebilete og ha moglegheita til å lære ulike metodar.

Vi legg opp til at instruktørkursa er helgekurs som går over 12 timar, og det er mogleg med kursstart anten fredag eller laurdag.

Instruktørkursa er sterkt subsidierte av sentralleddet. Dette betyr at kursa er rimelege for deltakarane, og at det ikkje skal vere nokon økonomisk risiko å vere lokalt vertskap for kursa.


Har du innspel til tema, dato, stad eller ein instruktør du gjerne ville gått på kurs med? Ikkje nøl med å gje oss tips og innspel på mail til post@ungdomslag.no.

Her kan du laste ned brosjyra for å lese meir om instruktørkursa vi tilbyr.

Dansarar i ringDansarar i ring
Dansarar og ein felespelarDansarar og ein felespelar

Få besøk av ein gjesteinstruktør til laget ditt

Alle medlemslag i Noregs Ungdomslag kan søke om å få ein gjesteinstruktør på besøk til laget sitt, mot ein eigenandel på 5000 kroner. Vi kan tilby ca. fire til seks gjesteinstruktørkurs på kvart fagfelt kvart år.

Det er laget som sjølv er arrangør av kurset og som står fritt til å legge det opp slik ein ynskjer, innan nokre rammer frå NU (sjå krav under). For lagets eigenandel bidreg Noregs Ungdomslag med å skaffe ein instruktør, lage avtale med denne, betale ut honorar samt dekke kostnader for reise, diett og overnatting.

For å søke om å få gjesteinstruktør må ein fylle ut eit søknadsskjema, med frist enten 1. mai (for kurs som skjer på hausten) eller 1. november (for kurs som skjer på våren).

Kort tid etter kvar frist, vil laget få beskjed om ein er av dei utvalde til å nytte gjesteinstruktørordninga og ein vil avtale vidare detaljar med ein av rådgjevarane på fagfeltet.

Krav til kurset/laget:
• Kurset skal vare minimum åtte timar (dette utløyser vaksenopplæringsmidlar på nesten 1000 kroner til laget)
• Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon
• Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
• Laget må ha levert årsrapport og registrert sine medlemmar i medlemssystemet
• Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
• Eit lag kan berre nytte ordninga ein gong per kalenderår

Om det er mange lag som søker, blir laga vurderte etter gitte kriterium. Prioriterte lag kan til dømes vere lag som ikkje har nytta ordninga på ei stund, lag som treng starthjelp eller lag som har behov for ekstra hjelp for å stimulere til aktivitet.

Gjesteinstruktørordninga gjeld for både teater-, dans-, musikk-, og organisasjonskurs.
Hugs søknadsfristane 1. mai og 1. november.

For organisasjonskursa er det ingen søknadsfrist.