Hopp til hovedinnhold

Nordlek

Noregs Ungdomslag er med i det nordiske samarbeidet Nordlek, som ein av 23 nordiske organisasjonar.
Samarbeidet femnar om dei store NORDLEK-stemnene som blir arrangerte kvart tredje år, BARNLEK-stemne for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemne som Isleik og Havleik, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.

16.-21. juli 2024 er det Noreg sin tur til å arrangere NORDLEK-stemne med nordisk sommarleir.

Informasjon for norske deltakarar på NORDLEK 2024

Påmelding

Påmelding til stemnet åpna 1. desember 2023. Etter 1. mars går prisen på deltakinga opp med 500,-.

Facebook-gruppe

Det er laga ei gruppe på Facebook der alle norske deltakarar kan koma i kontakt med kvarandre, halde seg oppdatert på informasjon, eller diskutere aktuelle saker. Bli gjerne med og inviter inn aktuelle personar.

Norsk samdansprogram

No er det norske samdansprogrammet til NORDLEK 2024 i Arendal klart og vi oppmodar alle dansegrupper som skal reise til Arendal til sommaren om å øve på desse samdansane. Dansane skal framførast onsdag 17. juli 2024, og det er følgande dansar som er plukka ut:

Fyrst marsjerer vi inn på dansegolvet og steller oss klar til totur. Alle syng fyrste vers av den norske nasjonalsangen. Så dansar vi dansane i rekkefølge.

  • Totur frå Holt
  • Ril frå Dønna
    • Film
    • Rettleiing - henta frå boka «Dansetradisjonar frå Nordland og Troms» 1984
  • Reinlender - dansar oss ut på stor ring
  • Rugen
  • Åttetur på stor ring
  • Rørospols - vi dansar fyrst litt på stor ring, før alle skal danse seg ut medan Island marsjerer inn og gjer seg klar

NORDLEK 2024

Bli med på nordisk folkedansstemne 16.-21. juli 2024 i Arendal. Påmelding åpnar 1. desember 2023.

Nordisk sommarleir 2024

Bli med på nordisk sommarleir for ungdom i alderen 13-26 år, 12.-16. juli 2024 i Arendal. Kurs i dans, musikk, teater, handverk mm. Alle leirdeltakarar får gratis festivalpass til NORDLEK.

Nordlek-utvalet

Samarbeidspartnar

  • Logo Forbundet NordlekLogo Forbundet Nordlek

    Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek

    Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.