Mobiliserar for å redde ungdomshuset Fosshalla
Ungdomslaget i Naustdal mobiliserar etter forslaget om å rive ungdomshuset Fosshalla for å bygge ny veg i Sunnfjord.
I høve utbygginga av riksvegen mellom Naustdal og Førde, vert no ungdomslaget nøydde til å ta stilling til kva dei ynskjer for ungdomhuset sitt. Difor kallar Naustdal Ungdomslag inn til eit ekstraordinært møte torsdag 21. mars for å motta innspel frå innbyggarane om kva ein skal meine om forslaget, som i ytterste konsekvens kan bety riving av ungdomshuset.
Etter lekkasje frå regjeringa er det no klart at vegprosjektet er inne i Nasjonal Transportplan, og ungdomslaget har kortare tid på seg enn dei i utgangspunktet hadde sett føre seg før prosessen går vidare.
- Vi er veldig glade for at Erdal-Naustdal er med i NTP, for den vegen treng rassikring utan fleire utsettingar. Vi likar sjølvsagt dårleg rykta vi høyrer om at Fosshalla står i fare for å verte riven i denne planen, seier Helen Åberg Fjell i Naustdal Ungdomslag.
Eit bygg som rommar heile bygda
Fosshalla er det største forsamlingshuset i området med moglegheit for å romme 400 gjester med dei krav det set til brannsikkerheit. I 2023 vart Fosshalla utleigd til bryllaup med dekketøy og god plass til 150 middagsgjestar.
Ungdomslaget fryktar eit nytt ungdomshus ikkje vil kunne romme like mange gjester, dersom dei skulle miste huset og få erstatning for det.
- Vi vil få en sum fra kommunen og Statens Vegvesen for Fosshalla, men som etter all sannsynlighet ikke vil være tilstrekkelig til å bygge opp et tilsvarende hus, seier ho.
Ungdomslaget meiner derimot at det burde finnast plass til både ungdomshus og veg.
-Vi meinar at det bør være mogeleg å lage ein reguleringsplan der Fosshalla består, og med ein ny og betre tilkomst til vårt kjære ungdomshus, seier Åberg Fjell.
Bevare eller nytt?
-No har vi mobilisert for å høyre kva medlemmane i Ungdomslaget ynskjer vi skal jobbe for: å bevare Fosshalla eller arbeide med å få et nytt ungdomshus, seier Åberg Fjell på vegne av lokallaget.
Kva av utfalla det vert er enno uvisst, og på det ekstraordinære møtet håpar ungdomslaget på tydlege signal frå medlemmane.
-Vi er veldig spent på korleis ekstraordinært årsmøte i morgon 21.03 24 vert, både med tanke på at politikarar skal forklare sitt standpunkt, og kva medlemmane ynskjer. Det er mykje historie i veggane i Fosshalla så det vil vert sårt dersom det blir revet, rundar ho av.
Fleire aktualitetar
Sjå alleResultata frå "kven veit?" runde 2 er her!
U.L. PRØVEN GRUPPE 7 og UL PRØVEN GRUPPE 1 er laga som kom best ut av runden, med 28 poeng begge to!
10. april 2024
Stem på Årets lokallag 2023
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for andre gong under landsmøte i Oslo 20.-30. april 2024. I 2023 vart Kløvheim Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
4. april 2024
Sakspapira og nettmøte til landsmøtet 2024
Sakspapira til landsmøtet er klart, og alle lokallag og fylkeslag som deltek skal ha fått tilsendt sakspapira på mail. Her finn de både sakspapir og lenkje til nettmøte i forkant.
26. mars 2024