Kveldshjelp i kveld!
I kveld er det ope NU-kontor frå klokka 18 til 20, der Mona er klar til å hjelpe deg med det du lurer på om lagsarbeid.
Konseptet er eit digitalt møte der det sit tilsette i Noregs Ungdomslag er klare til å ta i mot spørsmål eller hjelpe til med kva no det måtte vere behov for i laga.
Dette er ein ny måte å hjelpe laga. Ei form for organisert kveldshjelp for dei som ikkje har anledning til å kontakte oss på dagtid.
Dersom du ynskjer å delta, kan du klikke deg inn på arrangementet her, for så å klikke deg inn på teams-lenkja kl 18-20.
Dette arrangementet vil bli gjenteke den andre mandagen kvar månad. Datoane ligg på arrangement på nettsidene.
Fleire aktualitetar
Sjå alleResultata frå "kven veit?" runde 2 er her!
U.L. PRØVEN GRUPPE 7 og UL PRØVEN GRUPPE 1 er laga som kom best ut av runden, med 28 poeng begge to!
10. april 2024
Stem på Årets lokallag 2023
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for andre gong under landsmøte i Oslo 20.-30. april 2024. I 2023 vart Kløvheim Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
4. april 2024
Sakspapira og nettmøte til landsmøtet 2024
Sakspapira til landsmøtet er klart, og alle lokallag og fylkeslag som deltek skal ha fått tilsendt sakspapira på mail. Her finn de både sakspapir og lenkje til nettmøte i forkant.
26. mars 2024