Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Fyrste dag utan Alf-Steinar

Torsdag 15. februar fylde medarbeidar Alf-Steinar 70 år, og gjekk av med pensjon etter eit langt, aktivt arbeidsliv og 20 år i Noregs Ungdomslag.

Generalsekretær Magni rekkjer Alf Steinar ei teikning av han.Generalsekretær Magni rekkjer Alf Steinar ei teikning av han.

Vi kollegane har feira jubilanten Alf Steinar Nekstad tre dagar til endes. Tysdag gjekk heile gjengen ombord på danskebåten i festhumør.

Alf Steinar smiler med eit svart band med gullskrift der det står "gratulerer med dagen" på engelsk.Alf Steinar smiler med eit svart band med gullskrift der det står "gratulerer med dagen" på engelsk.
Alf Steinar fekk band om bringa til bursdagsmiddagen på danskebåten.

Det vart festmiddag med Happy Birthday-banner over bringa til jubilanten den fyrste kvelden ombord på båten. Kollega Ida som er blomsterdekoratør av utdanning og tidlegare yrke, pynta bord med medbrakte blomster. Sidan Alf Steinar skal starte pensjonisttilværelsen med ein lang tur til Thailand, vart det også overrekking av ein reisebag der alle kollegane hadde handla noko som ville vere kjekt å ha på ein slik dag.

Gruppebilde med kollegiet på 10 personar.Gruppebilde med kollegiet på 10 personar.
Kollegiet samla utanfor lunsjkafé i København. Der åt vi danske smørbrød frå dansk flott porselen.

Etter ein kjekk tur med danskebåten tur-retur København, avslutta vi feiringa i festlokala til Kulturvernets hus i Oslo. Her hadde mange kollega og venner tatt turen for å feire, overlevere helsingar og gåver, og ikkje minst takke for alle desse åra med samarbeid og engasjement.

Alf Steinar er ein kollega som brenn for lokallaga og medlemmane. Han er tydeleg og flink til å skape relasjonar. Dette var beskrivelsar av Alf Steinar som gjekk igjen.

Generalsekretær Magni overrekk ei teikning av Alf Steinar under feiringa på kulturvernets hus.Generalsekretær Magni overrekk ei teikning av Alf Steinar under feiringa på kulturvernets hus.
Generalsekretær Magni overrekk ei teikning av Alf Steinar under feiringa på kulturvernets hus.

Trass Alf Steinar "berre" har jobba i Noregs Ungdomslag i 20 år, går dette brennande engasjementet lenger tilbake. Lenge før han var gamal nok til å delta på sitt fyrste årsmøte som 14-åring, byrja han glede seg til å kunne ta del i lokallaget heime.

Og trass Alf Steinar no har gått av med pensjon, er vi trygge på at dette engasjementet vert med han òg inn i pensjonisttilverelsen. Det mangla heller ikkje med invitasjonar på andre lag som ville ha med seg Alf Steinar på laget under kakefesten på Kulturvernets hus.

Fredag 16. februar vert fyrste dagen på over 20. år der Alf Steinar ikkje lenger er tilsett hjå Noregs Ungdomslag. Vi er takksame for den tida Alf Steinar har vore her, og at vi vil fortsette å sjå han framover. Vi unnar han rolegare dagar og ynskjer ein god ferietur til Thailand!

Fleire aktualitetar

Sjå alle