Image

Instruktørkurs i barne- og ungdomsteater (Fevik)

Som instruktør for ei barne- og/eller ungdomsteatergruppe har du eit ekstra stort ansvar for skodespelarane. Søkelyset er gjerne vel så mykje på at barna skal ha det kjekt og givande, og kanskje ikkje fullt så mykje på sluttresultatet. Instruktøren møter gjerne utfordringar som at ikkje alle kan lese, og må såleis finne andre måtar for dei å lære seg replikkar på. I tillegg er det andre etiske retningsliner i arbeidet med barn, spesielt dersom det er grupper med stor aldersspreiing.

Helga 3.-4. februar 2018 vert det arrangert sjangerkurs for instruktørar i barne- og ungdomsgrupper på Strand Hotel Fevik i Grimstad. Kurset er eit samarbeid med storkurset til Aust-Agder UL.

Som NU-medlem får du kurset for 990kr inkludert lunsj begge dagar. Eventuell middag/overnatting kjem i tillegg. Du kan også delta utan å vere medlem i Noregs Ungdomslag, då er påmeldingsavgifta 1490kr. Trykk her om du ønskjer å lese meir om medlemskap.

Kursinstruktør er Wilhelm Støylen. For mange er han eit kjent ansikt frå tida si som programleiar i NRK Barne-TV. Støylen har barn og ungdom som primærpublikum i mange av oppsettingane sine. Nyleg var han å sjå i ei sentral rolle i barnefilmen "Karsten og Petra på safari".

PÅMELDING FINN DU HER

KURSPROGRAM

Laurdag

Kl. 08.45 Registering

Kl. 09.00 Oppvarmingsteknikkar: teaterleikar

Kl. 10.00 Regigrep i barne- og ungdomsgrupper

Kl. 12.30 To-rettars lunsj

Kl. 13.30 Regigrep i barne- og ungdomsgrupper

Kl. 17.00 Kursslutt for dagen



Søndag

Kl. 09.00 Oppvarmingsteknikkar: impro

Kl. 11.00 Korleis jobbe didaktisk med barn og ungdom

Kl. 12.30 To-rettars lunsj

Kl. 13.30 Tips og triks for drift av barne- og ungdomsteater

Kl. 15.00 Kursslutt og avreise


Med atterhald om endringar i programmet.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign